måndag 1. mars 2010

Sol.

Også den herlege vårsola har si myrke bakside. Det innser du når dei kvite veggane dine plutseleg er fulle at skit som du ikkje har sett snurten av i heile vinter. Eller når den svarte TVen din er totalt dekt av blodsugande hybelkaninar. Vi får satse på overskya imorgon, så er dei vekk :)

laurdag 27. februar 2010

B baby!

B - for brownies!
Brownies smakar ekstra godt etter ein eksamen. Herleg.

B - for Bjørndalen!
Flott skyting (ikkje berre av han då, av resten også) på skiskytarstafetten for herrar i dag. Heia Noreg!!!

B - for Benedikte!
I kombinasjon med dei to overståande B-ane, så feira eg og Benedikte overstått eksamen i juridisk metode. Eg håpar eg stod, men eg trur diverre eg bomma litt på oppgåvene. Jaja, kan jo ta han oppatt neste år om eg vil (noko eg kjenner at eg IKKJE vil. Usj..)

B - for... B?
Eg veit ein ikkje skal briefe med karakterar. Eg har heile tida skjønt at juss er eit tungt studium, og at karakterpresset er stort. Difor tek eg meg fridomen å skryte litt her. Eg fekk nemleg B på eksamen i Forvaltningsrett I! Det kom som eit enormt sjokk, og eg vart nesten slegen i svime av glede. Eg hadde håpa på å stå, og så fekk eg nest-beste karakter! Oooo, lukke!

B - for bøker!
Tenk kor mykje hesteutstyr eg kunne kjøpt for 1500 kr.! Eller kor mykje sjokolade, mat eller kor mange gonger eg kunne reist til Egersund for det beløpet. Neida, her svir ein av nokre lappar på 1/2 sekund på Studia bokhandel. Kjøpte pensum til Kontraktsrett I, samt nokre permar mm. Får berre svelge den vonde "no-er-eg-seriøst-blakk"-kjensla, og håpe at bøkene er ei investering i framtida mi.

B - for bilete!
Blogginnlegg utan bilete tykkjer eg er litt kjedelege. Difor er dette obligatorisk illustrering.



Nesten tom-fullare-stappfull. Veldig uinteressant bilete av permane med alt papirsølet frå 1.året på juss.



Mitt private bibliotek. Dette reknar eg som dei viktigaste bøkene i livet mitt nett no. Legg merke til at "stambok over norske hester" har ein sjølvsagt plass her. Dei fem bøkene ståande loddrett lengst til høgre skal eg pløyge gjennom før 23.4. Eller - lovsamlinga skal eg berre bruke no og då, men dei andre fire må lesast frå perm til perm. SUKK.



Rydding av DVD-hylle.



Kreativ klesturk.



Eit noko låkt bilete av browniesane til meg & Benedikte. Nam!

torsdag 25. februar 2010

Raude tal.

Raude tal på nettbanken er vel noko alle er vande med.
Min konto er ekstra raud for tida. Eg har jo fått baby! Ikkje menneskebaby, men ein søt hestebaby. Vesle "Yr" er 8 mnd., og flytter inn i Bergen neste veke. Trass i protestar frå opphavet mitt, så er eg svært nøgd med anskaffelsen. Lukke kan kjøpast for pengar :-)



Er ho ikkje flott då??? *smelt* Min nye lukkepille og pengesluk!

Over til noko heilt anna. Ser raudt på eindel andre område også. Kvifor har eg eksamen imorgon allereie?? Er berre ein månad sidan sist. Juridisk metode er så utruleg kjipt at eg ber på mine kne om at må STÅ på denne eksamenen. Ikkje h*lvete om eg overlever dette faget om eg må ta det opp igjen neste år. Sukk.

I mellomtida koplar eg ut hjarnecellene mine med kaffi og sjokoladebolle. Yey.

måndag 8. februar 2010

Måndagsfjas (eller fjasemåndag om du vil)

Kven skulle trudd at ein måndag kunne vera så effektiv? Klokka er halv 12, og eg har allereie trena, dusja, vore på storgruppesamling, sett på klesvask, handla inn mat og hatt tid til å fjase litt rundt på fjesboki. Wow.

Sidan eg no er ferdig med den seriøse delen av måndagen, så kan eg likegodt fylle på med litt seriøs useriøsitet på slutten - nemleg litt bilete!

Alt sør for Bergen er for meg ”Sørlandet”. Egersund intet unntak. Uansett, med nytt kamera (som sprengte vekebudsjettet mitt til himmels og litt til), så måtte eg knipse litt.



Stavangååår.



Sjekk dei smekre gjerdestolpane. Hest..?



Eit uvanleg pent vegskilt (Ser du det ikkje?? SJÅ DÅ!!)



Gjerde, snø, sjø, flatt.

søndag 7. februar 2010

Sjølvsagt er eg ikkje galen.






Sjuandefebruartotusenogti, klokka trettentrettito. Sit på Byterminalen i Stavanger, og det er ikkje måte på kor artig ein kan ha det med ein pose gummidyr og ein haug med sjuke idear. Dessverre for meg, så er eg ikkje den einaste personen som sit ventar her på terminalen.(ein kan vel difor med rette seie ”dessverre for DEI”). Uansett, eg fekk no kloa i ein pose med Truly Smoothie gummisnop.

Dei forestilte små, bjeffande dyr, som ein kunne setje saman, og slik få enda fleire små, bjeffande dyr. Desse kosar seg no stort på Mac-tastaturet mitt, og nyter nyfikne blikk frå dei som passerar. My minutes of fame. Og ja – eg kjøpte meg ein kaffi og ein salat også, altså. Sjølvsagt er eg ikkje heilt galen!

tysdag 2. februar 2010

Verdien av ordet "hei".

Har traska same vegen til Dragefjellet stort sett kvar morgon sidan 10.august, og det er eigentleg litt interessant med kva folk eg møter. Ei dame har eg treft nesten kvar gong. Fyrst på hausten sendte vi kanskje eit blikk no og då, medan rett før jul byrja vi av ein eller anna grunn å seie "hei" når vi passerte kvarandre, som regel alltid rett framom Johanneskirken. No i det siste har eg hatt lesedagar, eksamen og forelesning kl 14.15. Og sjølv om eg gjerne vil skryte av kor "ivrig" eg er, så er eg ikkje så ivrig at eg går frå heime 7.30 når eg ikkje må gå før 13.30, så eg har ikkje treft på dama sidan før jul.

I dag gjekk eg med iPoden på øyret, sterkt konsentrert for å ikkje snuble i laussnø - men plutseleg høyrer eg; "hei, det var lenge sidan!" Joda, ho hadde lagt merke til at eg hadde vore "fråvêrande". Så då vart vi ståande der då, og ho snakka om katten sin, om strikking, om vêret og om snøen. Diverre hadde eg litt dårleg tid, men dette var jo triveleg. Ho var så glad for at eg sa "hei" til ho når eg gjekk forbi ho, det gjorde ho så glad visstnok.

Føler meg veldig snill og god for tida, ikkje ende på kor mange eg er snill mot ser det ut til.

Over til noko heilt anna - eg stortrivst i Bergen!!! Før jul lengta eg litt vel ofte heim, men no veit eg ikkje heilt om eg skal heim i påska ein gong (okei, eg MÅ vel det men). Sjølv om bergensarane er elendige på brøyting, så er vêret flott om dagen... Bileta under er frå Torget/Bryggen.



måndag 1. februar 2010

SNØ.



Snø, er det verkeleg eit så stort problem som ein bergensar vil ha det til? Snødekte gater, snødekte bilar, snødekte trafikkljos, snødekte bussar, snødekte born, snødekte rullatorar, snødekt SNØ!

Kjem det 2 cm med snø her i Bergen, så er det verdskrise og fæle scener med ein gong. Folk går med paraply når det lavar ned, medan eg går med nasen i sky, og NYTER kvart einaste snøflak!!
bt.no skriv i det uendelege om dette vêret - om beinbrot, brøytekantar, glatte vegar, kulderekordar og svineinfluensa. Heey, kvifor kom svineinfluensa med her?? Vel, uansett - poenget er at snø har meire dekning enn jordskjelvet på Haiti.

Som oppvaksen i Lom tykkjer eg det er direkte (u)sjarmerande med all denne snøpraten. Hallo - det er berre snø det er snakk om her!

På biletet sit underteikna og inspiserer styggedommen frå vinduskarmen.