måndag 21. desember 2009

Med ynskje om ei God Jul!


Jada, eg veit det er mange som snikles her. Difor ynskjer eg alle ei God Jul også her på bloggen, sjølv om det er att nokre dagar enda.

tysdag 8. desember 2009

Countdown - 7 days left!

Okei, det er kanskje ikkje ei veke til eg har ferie, sidan eg må levere og kommentere oppgåve, men det er sju -7- dagar til eg reise heim til Lom!

Sjølv om Lom generelt er ei kjedeleg plass, så skal det verta godt koma heim til mamma og pappa for nokre dagar, gler meg til jul!

onsdag 2. desember 2009

Dagens suksessoppskrift!

Miks saman fylgjande (hugs å rør godt):
* 1 stk. ferdig heimeeksamen i forvaltningsrett I.
* 2 stk. kokosboller.
* 1 glas julebrus.
* 1 stk. adventsstake.
* Uavgrensa mengde julemusikk.
* Altfor mange peparkaker.

Resultatet blir ein heilt fortreffeleg onsdag!