måndag 30. november 2009

Juletankar.

Om 30 minutt er det advent, og 1.desember. Har eigentleg aldri likt jula. Men eg trur det vert noko heilt spesielt når eg flytter ut, og bort frå mor og far.

Jula i fjor var eigentleg ikkje nokor triveleg jul. Det var fyrste jula etter at tanta til mamma gjekk bort, og det var ikkje nokon kjekk tanke å skulle feire jul utan ho. Jula vart likevel ein suksess, men absolutt ikkje nokor tradisjonell jul - vi bytte ut snø og kulde med kvit sandstrand og 30 plussgrader. Egypt var ei kjekk oppleving, men eg må faktisk innrømme at eg GLER meg veldig til kald og kvit jul heime i Lom i år.

Ser fram til snødekt landskap, blid hund, herleg julemat, familiekos, langrenn, meire julemat, frisk fjelluft og fri. Diverre har UiB bestemt seg for å delvis øydeleggje litt juleglede, ved å setja eksamensdatoen til rett etter jul. Jaja, vi får ta det problemet på sikt, no er det fyrst forventingsfull adventstid og juleferie!

Tjohei!

Må leggje til at eg ikkje er så flink som enkelte av mine medstudentar når det gjeld heimeeksamen. Dei har vore så flinke at dei har tolka "heimeeksamen" som noko dei må gjera heime, og dermed reist heim. Eg sit på hybelen i Bergen, og her skal eg bli sitjande til eg får levert. Eg s-t-o-r-t-r-i-v-s-t i Bergen, og byrjer nesten å sjå på dette her også som "heime".... Skap-bergensar...?

Biletet er frå ljosfesten 28.november.

laurdag 28. november 2009

Fyrverkeri og adventstid.

No er det visstnok straks advent. Mange plussgrader, regn og bar bakke er ikkje akkurat det eg bitt saman med adventstida, men ok. Julegåvene er pakka inn og adventspynten på plass.

Tradisjonen tru, så punga Bergens Tidende ut til eit heftig fyrverkerishow på Festplassen i Bergen i dag. Miljøvernarar og hundeeigarar gjekk nok sannsynlegvis i svart denne timen, medan eg kosa meg stort – og sjølv om kvaliteten ikkje vart så bra, så fekk eg fanga nokre augneblink med speilrefleksen. Kunne ha lagt ut alle, men er litt lat, så her kjem nokre få.

Note to myself: Hugs stativ til kameraet neste gong.
Enjoy.









fredag 27. november 2009

Dødsstraff - verkeleg verdt det?

Kerry Max Cook heldt foredrag i Egget på Studentsenteret i går kveld. Eg såg fyren på Skavlan, og hadde fått med meg at han hadde vore 22 år på "death row" i Texas, der han venta på dødsstraffen sin. Lite visste eg om kor mykje det skulle gå inn på meg.

Han sat altså i fengsel frå 1977 til 1999. Og det for noko han ikkje gjorde. Dei fann fingeravtrykka hans på drapsstaden, men grunna feil frå teknikarar, så vart dette einaste beviset som vart nytta, saman med falske vitneprov.

Kort tid før han skulle sendast i døden, så vart han frikjend. Men kva står han att med? Store arr over heile kroppen etter desperate forsøk på å unngå truslar frå andre insette, ingen familie, ingen vener, ingen utdannelse og han fekk ikkje ei krone hjå staten etter feilgrepet.

Kvifor er dødsstraff greitt? Kvifor er det greitt at dei mektige skal bestemme kven som skal leva og kven som skal døy? Kvifor er det greitt at dei med pengar til advokatar kan sleppe unna, medan dei som ikkje kan betale blir sendte til "death row"? Kva om USA hadde brukt nokre av dei billionane dei har spytta inn i krig, på å bekjempe kriminalitet? Korleis kan det gå ann at nokon uttaler at avretting av uskuldige berre er noko ein må godta? Har ein ikkje eit menneskeverd når ein sit i fengsel også? Kvifor ikkje straffe dei som sender folk i fengsel utan lov og dom?

Dette var spørsmål eg fekk i hovudet i går. Ok, fyren var ein dyktig retorikar, men eg fattar ikkje korleis han kunne fortelje dette så upåvirka... Han synte film der cella hans var dynka i blod. Han fekk truslar om at medfangar skulle drepe han, og einaste vegen ut av det problemet - det var kraftig sjølvskading. Vaktane bryr seg ikkje. Det sjokkerte meg (det var kanskje meininga...). Du er faktisk skuldig til det motsette er bevist, noko heilt annleis enn i Noreg...

Anbefaler alle å lese boka hans, "Chasing Justice", der får du servert heile historia. Eg kjøpte boka, og fekk ei helsing frå Kerry med på kjøpet. "Mari - hald deg på skulen, bli ein god jurist osv." Så koseleg med ei halvsides helsing, den skal eg lesa når eg er i tvil!



http://www.chasingjustice.com/

måndag 23. november 2009

Kaffi er undervurdert!


Har alltid hata kaffi meir enn nødvendig. Kan alltids ta ein kopp, men då med lassevis med sukker og mjølk.

Kva er eigentleg tingen med at alle studentar drikk kaffi? Ei heilt spesiell kraft må denne drikken ha, for etter berre 3 månader som student ved UiB, så har eg vorte velta av kaffibølgja sjølv.... Drikk altfor mange koppar kvar dag, og det heilt utan sukker og mjølk. Er det no eg skal klassifisere meg sjølv som vaksen?

I same slengen kan eg nemne at Bergen står på hovudet for tida - nokon har nemleg knust vår kjære pepperkakeby. No ser det ut til å ordne seg, og det tykkjer eg er bra. Eit triveleg tiltak i førjulstida. Moralen er at ein aldri bør røre noko som betyr noko for ein som bur i Bergen.

Biletet er stole frå SiB, som har veldig god kaffi!

laurdag 21. november 2009

Livet er herleg!!


Sove lenge. Lang tur opp til vakre Fløyen. Sport på tv. Deileg risgraut (som for ein gongs skuld ikkje vart brent). Varm kopp med urtete. Gode, varme ullsokkar. Stearinljos og kveldsmørke. Snart jul. Med andre ord ein perfekt laurdag.

(Biletet er lånt/stole frå Pondus. Nokre gonger lurer eg verkeleg på om nokon har misforstått den vikeplikta...)

fredag 20. november 2009

Student vs. hurtigmat.


(Biletet er enda eit prov på at det kan vera fint vêr i Bergen)
Den innbydande kokeboka ”mat for deg som flytter hjemmefra” lova meg at god og sunn mat var enkelt. Så naiv kan ein altså vera.

Eg ser ikkje på meg sjølv som bortskjemt, men eg har, trass i toppkarakter i ”heimkunnskap”, ikkje akkurat vore særleg aktiv på kjøkenet heime. Til mitt forsvar er det leeenge sidan eg hadde heimkunnskap, og det blir fort fullt på kjøkenet heime om eg skal presse meg inn der saman med kjøkensjef-mamma og nestkommanderande-Embla. Akkurat ja.

Men no sit eg her, utan ei einaste unnskyldning i bakhånd. Eg har eit heilt kjøken for meg sjølv, og om eg ikkje vil svelte i hel, så må eg faktisk trå til. Jada, ein kan heilt sikkert overleva på Grandiosa og posemat i all æve, men lommeboka mi har ikkje så lyst til det. Ikkje eg heller, for så vidt. Det vert ein lite spanande meny i lengda.

Etter å ha ete opp ganske mykje posemat og delar av lønna frå sommarjobben måtte noko gjerast. Sjølv om underteikna gjekk inn i utfordringa med friskt mot, så har det vore litt bratt. Men det er i motbakke det går oppover, sant? Det vart mange brende brød, mislukka pizzaer, klumpete kvite sausar og brende risgrautporsjonar før ljoset byrja glimte i enden av tunnelen. Og ljosare vart det!

Riktignok får eg ikkje den Rema 1000-greia til å fungere heilt... Plettfri mat på under 15 minutt tek iallefall ein halvtime, men greitt å måtte slite litt for maten...

I skrivande stund står ein fullstendig heimelaga pizza i omnen, og då er det verkeleg helg på ”rett”! Og det er verkeleg håp for alle som ikkje kan lage mat, for no går det kun i heimelaga her i huset, meir eller mindre i alle fall. 1 – 0 til Mari over den onde posematen, hah.

Ei dårleg investering?



Dei ulike studentidrettslaga reklamerer høglydt for at fysisk aktivitet gjev betre motivasjon for læring, at ein les betre etter ein joggetur... og ja, slik held dei fram. Men kva då med den studenten som var så dum at ho investerte i sofa, kanalpakke frå RiksTv og flatskjerm.....?

Ute er det strålande sol, klarblå himmel og flott haustvêr. Fram med joggeskoa, tursekken og kvikk-lunsjen! Eller?

Den breie, gode, mjuke og innbydande sofaen - forøvrig kjøpt på Ikea og montert med stor aggresjon av min kjære mor - kvifor vil han meg så vondt? Hovudet seier "tur", kroppen seier "sofa". Og betre vart det ikkje av at sofaen flytta inn hjå meg saman med eit fleecepledd og to nydelege puter.

Ikkje nok med det. I same slengen fekk eg drassa med meg ein flatskjerm frå heime, og sidan det var uttak for digital-tv i min kjære leilighet - Ja, du veit sikkert kvar dette ender. Frk. Kleiven enda altså opp med stor kanalpakke, flatskjerm og altfor god sofa med tilbehør.

Underteikna kan nærast sjå den fysiske forma grave seg ned utanfor vindauget i finvêret, og kondisjonen forsvinne langt der borte i horisonten..... Men heldigvis for meg, der forsvann godvêret også. Lenge leve mi fantastisk gode dømekraft! God helg!