torsdag 14. januar 2010

3-2-1.... EKSAMEN!

Nei, det er faktisk ikkje ein dårleg januarspøk. Om 8 dagar har eg eksamen, og eg slit hardt for å koma meg ut av feriemodus, julekakesug og ikkje minst slit eg med å koma meg ut av senga kl. 6.

Eg kan sita i timevis i vinduskarmen i hybelen min. Sjå at sola kjem snikande mellom sjoggdekte tre, og finn vegen inn i vindauget mitt. Kjenne at solstrålene varmer, at temperaturen mildnast. Helde litt ekstra godt rundt kaffikoppen for å varme fingrene. Titte ned på dei travle menneska som spring for å ta inn at tida, som så altfor fort flyg frå dei. Sjå kveldssola farge himilen raud over Nygårdshøgda, for så å etterlate han isande blå og myrk, klar for ein ny dag.

Om eg i det heile tatt les til eksamen? Jajøss. Det er nett DET eg driv med når eg ikkje sit i vinduskarmen. Eller er på skulen. Eller er i stallen. Eller ligg på sofaen. Eller driv med anna tull.

Vonar alle kan krysse det dei eig og har fredag 22.januar kl. 9-14, så går nok dette vegen (-:

(Jaa, eg har forøvrig førebudd meg altså, så eg baserer meg ikkje utelukkande på at folk skal krysse fingrane for meg..)

I helga skal vi på kino og sjå Avatar i 3D. Gler meg veldig, fin måte å kople av på det. God helg på førskot!!!

Stripa under er knipsa i eit Pondusblad, og får meg til å smile like godt kvar gong.