fredag 27. november 2009

Dødsstraff - verkeleg verdt det?

Kerry Max Cook heldt foredrag i Egget på Studentsenteret i går kveld. Eg såg fyren på Skavlan, og hadde fått med meg at han hadde vore 22 år på "death row" i Texas, der han venta på dødsstraffen sin. Lite visste eg om kor mykje det skulle gå inn på meg.

Han sat altså i fengsel frå 1977 til 1999. Og det for noko han ikkje gjorde. Dei fann fingeravtrykka hans på drapsstaden, men grunna feil frå teknikarar, så vart dette einaste beviset som vart nytta, saman med falske vitneprov.

Kort tid før han skulle sendast i døden, så vart han frikjend. Men kva står han att med? Store arr over heile kroppen etter desperate forsøk på å unngå truslar frå andre insette, ingen familie, ingen vener, ingen utdannelse og han fekk ikkje ei krone hjå staten etter feilgrepet.

Kvifor er dødsstraff greitt? Kvifor er det greitt at dei mektige skal bestemme kven som skal leva og kven som skal døy? Kvifor er det greitt at dei med pengar til advokatar kan sleppe unna, medan dei som ikkje kan betale blir sendte til "death row"? Kva om USA hadde brukt nokre av dei billionane dei har spytta inn i krig, på å bekjempe kriminalitet? Korleis kan det gå ann at nokon uttaler at avretting av uskuldige berre er noko ein må godta? Har ein ikkje eit menneskeverd når ein sit i fengsel også? Kvifor ikkje straffe dei som sender folk i fengsel utan lov og dom?

Dette var spørsmål eg fekk i hovudet i går. Ok, fyren var ein dyktig retorikar, men eg fattar ikkje korleis han kunne fortelje dette så upåvirka... Han synte film der cella hans var dynka i blod. Han fekk truslar om at medfangar skulle drepe han, og einaste vegen ut av det problemet - det var kraftig sjølvskading. Vaktane bryr seg ikkje. Det sjokkerte meg (det var kanskje meininga...). Du er faktisk skuldig til det motsette er bevist, noko heilt annleis enn i Noreg...

Anbefaler alle å lese boka hans, "Chasing Justice", der får du servert heile historia. Eg kjøpte boka, og fekk ei helsing frå Kerry med på kjøpet. "Mari - hald deg på skulen, bli ein god jurist osv." Så koseleg med ei halvsides helsing, den skal eg lesa når eg er i tvil!



http://www.chasingjustice.com/

1 kommentar:

  1. Sunne tankar, Mari -supert at slike som deg studerer jus!
    Flott blogg har du også!

    SvarSlett