fredag 20. november 2009

Student vs. hurtigmat.


(Biletet er enda eit prov på at det kan vera fint vêr i Bergen)
Den innbydande kokeboka ”mat for deg som flytter hjemmefra” lova meg at god og sunn mat var enkelt. Så naiv kan ein altså vera.

Eg ser ikkje på meg sjølv som bortskjemt, men eg har, trass i toppkarakter i ”heimkunnskap”, ikkje akkurat vore særleg aktiv på kjøkenet heime. Til mitt forsvar er det leeenge sidan eg hadde heimkunnskap, og det blir fort fullt på kjøkenet heime om eg skal presse meg inn der saman med kjøkensjef-mamma og nestkommanderande-Embla. Akkurat ja.

Men no sit eg her, utan ei einaste unnskyldning i bakhånd. Eg har eit heilt kjøken for meg sjølv, og om eg ikkje vil svelte i hel, så må eg faktisk trå til. Jada, ein kan heilt sikkert overleva på Grandiosa og posemat i all æve, men lommeboka mi har ikkje så lyst til det. Ikkje eg heller, for så vidt. Det vert ein lite spanande meny i lengda.

Etter å ha ete opp ganske mykje posemat og delar av lønna frå sommarjobben måtte noko gjerast. Sjølv om underteikna gjekk inn i utfordringa med friskt mot, så har det vore litt bratt. Men det er i motbakke det går oppover, sant? Det vart mange brende brød, mislukka pizzaer, klumpete kvite sausar og brende risgrautporsjonar før ljoset byrja glimte i enden av tunnelen. Og ljosare vart det!

Riktignok får eg ikkje den Rema 1000-greia til å fungere heilt... Plettfri mat på under 15 minutt tek iallefall ein halvtime, men greitt å måtte slite litt for maten...

I skrivande stund står ein fullstendig heimelaga pizza i omnen, og då er det verkeleg helg på ”rett”! Og det er verkeleg håp for alle som ikkje kan lage mat, for no går det kun i heimelaga her i huset, meir eller mindre i alle fall. 1 – 0 til Mari over den onde posematen, hah.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar