laurdag 27. februar 2010

B baby!

B - for brownies!
Brownies smakar ekstra godt etter ein eksamen. Herleg.

B - for Bjørndalen!
Flott skyting (ikkje berre av han då, av resten også) på skiskytarstafetten for herrar i dag. Heia Noreg!!!

B - for Benedikte!
I kombinasjon med dei to overståande B-ane, så feira eg og Benedikte overstått eksamen i juridisk metode. Eg håpar eg stod, men eg trur diverre eg bomma litt på oppgåvene. Jaja, kan jo ta han oppatt neste år om eg vil (noko eg kjenner at eg IKKJE vil. Usj..)

B - for... B?
Eg veit ein ikkje skal briefe med karakterar. Eg har heile tida skjønt at juss er eit tungt studium, og at karakterpresset er stort. Difor tek eg meg fridomen å skryte litt her. Eg fekk nemleg B på eksamen i Forvaltningsrett I! Det kom som eit enormt sjokk, og eg vart nesten slegen i svime av glede. Eg hadde håpa på å stå, og så fekk eg nest-beste karakter! Oooo, lukke!

B - for bøker!
Tenk kor mykje hesteutstyr eg kunne kjøpt for 1500 kr.! Eller kor mykje sjokolade, mat eller kor mange gonger eg kunne reist til Egersund for det beløpet. Neida, her svir ein av nokre lappar på 1/2 sekund på Studia bokhandel. Kjøpte pensum til Kontraktsrett I, samt nokre permar mm. Får berre svelge den vonde "no-er-eg-seriøst-blakk"-kjensla, og håpe at bøkene er ei investering i framtida mi.

B - for bilete!
Blogginnlegg utan bilete tykkjer eg er litt kjedelege. Difor er dette obligatorisk illustrering.



Nesten tom-fullare-stappfull. Veldig uinteressant bilete av permane med alt papirsølet frå 1.året på juss.



Mitt private bibliotek. Dette reknar eg som dei viktigaste bøkene i livet mitt nett no. Legg merke til at "stambok over norske hester" har ein sjølvsagt plass her. Dei fem bøkene ståande loddrett lengst til høgre skal eg pløyge gjennom før 23.4. Eller - lovsamlinga skal eg berre bruke no og då, men dei andre fire må lesast frå perm til perm. SUKK.



Rydding av DVD-hylle.



Kreativ klesturk.



Eit noko låkt bilete av browniesane til meg & Benedikte. Nam!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar