måndag 1. februar 2010

Ei god gjerning?


Midt i blant snøslaps og travle menneske - der sprang eg meg meir eller mindre rett på ein rufsete tiggar. Var ute på joggetur, og vimsa eigentleg rundt i mine heilt eigne tankar, og skvatt skikkeleg. Han spurte så pent om eg hadde pengar til kaffi og ein grillpølse i brød. Eg svarte med å gå inn på Narvesen, kjøpe han ein kaffi og ei pølse og gjeva det til han.

Men han ville ikkje ha, sa han. Mistenkjer at han ville ha kronene til dop (er trass alt i narko-paradiset Bergen dette her). Men kompisen hans blei nesten skjelven i knea av takksemd når han fekk det fyr nr. 1 ikkje ville ha.

Eg motverka vel ikkje akkurat noko dophandel der, men eg gjorde iallefall ei god gjerning - vonar eg då. Tanken som tel. Ei pølse og eit kaffikrus er berre småpengar for meg, men store pengar for dei som ligg ute under pappesker i Nygårdsparken. Kanskje kan dei noko for det, kanskje kan dei skulde seg sjølve, men eg tykkjer det er OK å vera litt snill eg. Sånn av og til. Det er trass alt måndag 1.februar 2010, ein dag som aldri kjem att ein gong til.

Difor - nyt dagen og tenk på dei rundt deg, også dei som ikkje alle andre ser og legg merke til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar