Yeees. Her skjer det ikkje mykje. Eksamen gjekk ikkje spesielt bra, men eg satsar på at eg stod, så får eg ta han opp igjen neste år i staden.
Hatt ei super helg med kjærasten, men i dag venta kvardagen... Juridisk metode er ikkje akkurat super-spanande, men det er heldigvis eit kort fag, yey. I dag vart det treningstur, pizza og diverse, men no er det lesing, sofa og tortilla-chips (på ein måndag seier du???? FY. Til mitt forsvar sa dei små stemmene i hovudet mitt at chips var ok, hah, ta den du!)
Neei, no må eg vel bruke kreftane mine på Andenæs og hans rettsteoriar, samt litt tortilla-chips :-) Ha ein fin kveld, folkens!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar